Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 27.07.2022

Kraftsituasjonen veke 29, 2022

Høgaste kraftpris over ei veke i Sørvest-Norge nokon gong

Gjennomsnittleg kraftpris for Sørvest-Noreg (NO2) var førre veke 308 øre/kWh, ein auke på 23 prosent frå veka før. Det er det høgaste vekesnittet nokon gong. Ein viktig grunn til dei høge prisane er svært høge kraftprisar i landa omkring oss. Sjølv om kraftprisane i Sørvest-Noreg var svært høge, var kraftprisane på kontinentet enda høgare. I Tyskland var vekesnittet 362 øre/kWh og enkelte timar opp i 700 øre/kWh. Dei vedvarande høge kraftprisane gjennom veka i Sørvest-Noreg er også eit uttrykk for at vasskraftprodusentane verdset vatnet i magasina høgt.

 I Søraust- og Vest-Noreg (NO1 og NO5) var kraftprisen nokså lik som veka før, med eit vekesnitt på 169 øre/kWh. Kraftprisane heldt seg her stabile gjennom veka. Kraftprisane i Midt- og Nord-Noreg (NO3, NO4) heldt seg låge og var i gjennomsnitt på 21 øre/kWh førre veke.

Førebelse tal viser at kraftproduksjon og nettoeksport auka noko i sørlege Noreg (NO1, NO2, NO5) samanlikna med veka før. Nettoeksporten var på 202 GWh, medan gjennomsnittleg nettoeksport for tilsvarande veke dei siste ti åra har vore 310 GWh.

Fyllingsgraden i magasina i Sør-Noreg auka med 0,9 prosentpoeng førre veke, men er framleis på eit lågt nivå for årstida.

Grunna uvisse rundt gasstilgang framover har prisane på gass auka mykje dei siste vekene. I førre veke vart det samstundes låg vindkraftproduksjon både i Norden og i andre europeiske land. Med låg vindkraftproduksjon er det oftare dyr gasskraftproduksjon som set kraftprisen på kontinentet. Sørvest-Noreg følgde førre veke kraftprisane på kontinentet tettare enn vi har sett elles i år, noko som også har vært tilfelle dei siste vekene.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 29 2022 (PDF).

Vassmagasinstatistikk 
Ved utgangen av veke 29 var fyllingsgrada i norske magasin 65,1 prosent. Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 73,3 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka auka magasinfyllinga med 1,0 prosenteiningar. Høgast magasinfylling hadde Midt-Noreg (NO3) med 87,4 prosent, mens Sørvest-Noreg (NO2) hadde lågast fylling med 48,3 prosent. Les meir om vassmagasinstatistikk her.

Kontaktperson

Overingeniør Lars Eirik Eilifsen
Epost: laee@nve.no