Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 13.07.2022

Kraftsituasjonen veke 27, 2022

Lågare kraftproduksjon og redusert nettoeksport for sørlege Noreg

Kraftproduksjonen i sørlege Noreg (NO1, NO2, NO5) gjekk i førre veke ned med 20 prosent frå veka før. Førebelse tal viser at det hovudsakleg var vasskraftprodusentane i Sørvest-Noreg (NO2) som reduserte sin produksjon. I fleire av dei europeiske landa og i Norden var vindkraftproduksjonen høg førre veke, noko som bidrog til periodar med låge kraftprisar i fleire av landa Noreg har mellomlandsforbindingar med. Lågare kraftprisar i nabolanda og lågare produksjon i sørlege Noreg ga til saman mindre eksport og meir import. For sørlege Noreg var det framleis nettoeksport for veka sett under eitt, men eksporten var 90 prosent lågare enn veka før.  

Når kraftproduksjonen går ned, er det eit uttrykk for at fleire av vasskraftprodusentane i sørlege Noreg verdset vatnet høgare enn kraftprisane i nabolanda. Ved å halde tilbake produksjon no, har ein att meir vatn til kraftproduksjon seinare. Fyllingsgraden i magasina gjekk opp i alle prisområda i sørlege Noreg i førre veke, men er framleis svært låg for årstida.

Prisen i Sørvest-Noreg (NO2) var i gjennomsnitt 37 øre/kWh lågare enn veka før, og var i gjennomsnitt 192 øre/kWh for veka. Vekesnittet vart i stor grad redusert grunna lågare kraftprisar gjennom helga. Dei låge prisane kjem av import av kraft frå nabolanda, som hadde mykje rimeleg fornybar kraftproduksjon. Sjølv om det tidvis var låge kraftprisar gjennom helga,  var kraftprisen over 200 øre/kWh fleire timar på vekedagane i Sørvest-Noreg. Vekeprisen i Vest-Noreg (NO5) og Søraust-Noreg (NO1) var i snitt 146 øre/kWh, noko som er 46 øre lågare enn vekesnittet i Sørvest-Noreg. Midt- og Nord-Noreg (NO3, NO4) hadde eit vekesnitt på 1,7 øre/kWh. Dette er ein svært låg kraftpris og på nivå med prisane sommaren 2020.

Vedvarande uro i energimarknadane bidreg til store variasjonar og høg uvisse rundt både kraftprisane og brenselsprisane for tida. Russland sin invasjon av Ukraina og uvisse rundt konsekvensar av dette kan gje store utslag på prisane i energimarknadane framover.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 27 2022 (PDF).

Vassmagasinstatistikk 
Ved utgangen av veke 27 var fyllingsgrada i norske magasin 62,2 prosent. Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 70,7 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka auka magasinfyllinga med 2,8 prosenteiningar. Høgast magasinfylling hadde Midt-Noreg (prisområde 3) med 86,3 prosent, mens Sørvest-Noreg (prisområde 2) hadde lågast fylling med 47,5 prosent. Les meir om vassmagasinstatistikk her.

Kontaktperson

Overingeniør Lars Eirik Eilifsen
Epost: laee@nve.no