Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 15.06.2022

Kraftsituasjonen veke 23, 2022

Noko reduserte kraftprisar

Kraftprisen vart redusert i store delar av Norden og på kontinentet førre veke samanlikna med veka før. Fallet i vekepris kan delvis forklarast med særs låge prisar andre pinsedag og i helga. Dette var dagar med både lågare forbruk og meir fornybar kraftproduksjon enn resten av veka. I denne perioden importerte Noreg rimeleg kraft, noko som bidrog til lågare kraftprisar. Midt på dagen søndag vart kraftprisen i sørlege Noreg (NO1, NO2, NO5) nede i 2 øre/kWh. Sjølv om det tidvis var særs låge kraftprisar,  var kraftprisen over 200 øre/kWh enkelte timar  på vekedagane i sørlege Noreg.

Snøsmelting og høg vasskraftproduksjon bidrog til timar med prisskilnad mellom dei sørlege prisområdane for andre veke på rad. I Sørvest-Noreg (NO2) vart gjennomsnittleg vekepris 142 øre/kWh, medan i Søraust-Noreg  og Vest-Noreg (NO1, NO5)  vart den 126 øre/kWh. Kraftprisen i Midt- og Nord-Noreg (NO3, NO4) vart høvesvis 13 og 10 øre/kWh.  

Fredag førre veke snudde den dominerande retninga på mellomlandsforbindelsan til Danmark (NO2-DK1). Dette inneber full kapasitet frå Noreg til Danmark (1663 MW) og redusert kapasitet frå Danmark til Noreg (1110 MW).

Vedvarande uro i energimarknadane bidreg til store variasjonar og høg uvisse rundt både kraftprisane og brenselsprisane for tida. Russland sin invasjon av Ukraina og uvisse rundt konsekvensar av dette kan gje store utslag på prisane i energimarknadane framover.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 23 2022 (PDF).

Vassmagasinstatistikk
Ved utgangen av veke 23 var fyllingsgrada i norske magasin 42,3 prosent. Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 54,3 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka auka magasinfyllinga med 4,8 prosenteiningar. Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (NO4) med 54,5 prosent, mens Vest-Noreg (NO5) hadde lågast fylling med 30,9 prosent. Les meir om vassmagasinstatistikk her.

Kontaktperson

Overingeniør Lars Eirik Eilifsen
Epost: laee@nve.no