Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 08.06.2022

Kraftsituasjonen veke 22, 2022

Høgare kraftprisar og prisskilnad mellom prisområda i Noreg

Kraftprisane auka i store delar av Norden og kontinentet førre veke samanlikna med veka før. Høgare prisar på kontinentet bidrog til at sørlege Noreg (NO1, NO2, NO5) var nettoeksportør av kraft i veke 22, mot nettoimport veka før. Ein viktig årsak til auken i kraftprisar var lågare vindkraftproduksjon, både i Norden og på kontinentet.

I førre veke var det fleire timar med prisskilnad mellom dei sørlege prisområda. Den siste tida har det vore lik pris i desse prisområda. Prisskilnaden har samanheng med høg vasskraftproduksjon grunna snøsmeltinga. Flaskehalsar i nettet i fleire timar ga lågare prisar i Søraust-Noreg (NO1) og Vest-Noreg  (NO5) enn i Sørvest-Noreg (NO2). Sørvest-Noreg er det einaste prisområdet i Noreg som har utvekslingskapasitet med kontinentet, og vart difor i større grad påverka av det høge prisnivået der. I Sørvest-Noreg  var gjennomsnittleg vekepris 166 øre/kWh, medan i Søraust-Noreg  og Vest-Noreg  var den 162 øre/kWh.

Gjennomsnittleg kraftpris i Midt-Noreg (NO3) var 38 øre/kWh førre veke, ein auke på om lag 30 øre frå veka før. Årsaka til prisauken var tidvis redusert importkapasitet frå Nord-Noreg (NO4) og låg vindkraftproduksjon. Samstundes har utvekslingskapasiteten til Nord-Sverige (SE2) og sørlege Noreg auka dei siste vekene. Dette er område som ofte har høgare kraftprisar enn Midt-Noreg. Nord-Noreg hadde eit vekesnitt på 11 øre/kWh.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 22 2022 (PDF).

Vassmagasinstatistikk

Ved utgangen av veke 22 var fyllingsgrada i norske magasin 36,9 prosent. Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 49,3 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka auka magasinfyllinga med 4,7 prosenteiningar. Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (område 4) med 50,5 prosent, mens Vest-Noreg (område 5) hadde lågast fylling med 23,3 prosent. prosent. Les meir om vassmagasinstatistikk her.

Kontaktperson

Silje Jelsness
Epost: sitj@nve.no