Uendra kraftprisar i Noreg, aukande kraftprisar i nabolanda våre.

I veke 14 hadde Sør-Noreg ein uendra kraftpris, medan Midt-Noreg og Nord-Noreg gjekk opp 4 prosent. Utviklinga har resultert i at prisnivået i Noreg er tilnærma lik i alle prisområda og enda på 38-39 øre/kWh.

Nabolanda våre opplevd førre veke aukande kraftprisar, dette skuldast blant anna auke i brenselprisar og CO2-kvoter. Noreg reduserte sin kraftimport med over 50 prosent, men er framleis nettoimportør for niande veke på rad. Samanlikna med nabolanda er prisane i Noreg nå likar enn tidligare i år.

Dei auka brensel- og CO2-kvoteprisane, i tillegg til endra vêrutsikter, har medverka til ein prisauke i framtidskontraktar for kraft. Blant anna auka kontrakten for nordisk kraft for tredje kvartal 11,1 prosent til 38,8 øre/kWh.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 14 2019 her. (PDF)