Kraftsituasjonen veke 10, 2025
Lågare forbruk og høg vindkraftproduksjon bidrog til lågare kraftprisar
Førre veke bidrog mildt vêr til at kraftforbruket gjekk ned i sørlege delar av Norden, medan det heldt seg tilnærma uendra i nord. Norden hadde høg vindkraftproduksjon for veka, samstundes som utvekslingskapasiteten mot kontinentet og Storbritannia vart redusert. Kapasiteten vart senka av omsyn til driftsrisikoen i samband med innføringa av ein ny reservemarknad for kraft 4. mars. På somme av kablane var kapasiteten berre 50 prosent av full kapasitet i store delar av veka. Høg vindkraftproduksjon, redusert eksportkapasitet og lågare forbruk enn veka før bidrog til lågare kraftprisar i heile Norden, unnateke i Nord-Sverige (SE1 og SE2). Gjennomsnittlege kraftprisar for veka vart 38-42 øre/kWh i Sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) og 12 og 3 øre/kWh i høvesvis Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4).
På kontinentet byrjar solkraftproduksjonen no å vere høg nok til at landa på kontinentet får periodar med null- eller negative prisar midt på dagen. Sist veke fekk sørlege Noreg import av kraft i desse periodane, og prisane vart påverka av det lågare prisnivået på kontinentet. Påverknaden var særleg stor på onsdagen, der lågaste timepris i Sørvest-Noreg (NO2) vart 3 øre/kWh kl. 12-13.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 10 2025
Magasinfylling for Sverige for veke 10 var ikkje tilgjengeleg då denne rapporten vart publisert.
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.
Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.