Publisert 06.12.2016

Overlevering mulegheitsstudie for flaumdempande tiltak i Vossavassdraget

Etter skadeflaumen i Vossavassdraget i 2014 har NVE saman med Voss kommune engasjert Multiconsult til å gjennomføre ein mulegheitsstudie der formålet er å vise tiltak som kan redusere skadar ved framtidige flaumar i vassdraget.

Mulegheitsstudien lister opp totalt 19 tiltak i ulike deler av vassdraget. Om lag halvparten av tiltaka vert drøfta nærmare med omsyn til teknisk løysing, flaumdempande effekt, konsekvensar for samfunn og miljø og kostnader. Tiltaka som ikkje er nærmare utgreidd må knytast til svært avgrensa flaumdemping på sentrale elveavsnitt.

Mulegheitsstudien gjev ikkje tilrådingar for utgreidde tiltak, men skal danne grunnlag for vidare drøfting og utveljing mellom fagmynde og lokalsamfunn.

I samband med studien har det vore halde offentleg møte med lokale innspel.

Rapporten frå mulegheitsstudien vert overlevert og presentert i eit offentleg møte i Voss kulturhus tysdag 6. desember 2016 kl 19.

Last ned rapporten her

Vedlegg A

Vedlegg B

Vedlegg C

Vedlegg D

 

Kontaktperson

Magne Geir Verlo, tlf 22 95 95 34