Publisert 03.06.2026

Skred tok hus og naust – no er Skjelbostad sikra mot skred

NVE har fullført sikringstiltaka på Skjelbostad i Rauma kommune. Bustader og næringsliv i området er no betre verna mot framtidige skred.

Ny skredvoll på Skjelbostad i Innfjorden. Foto: NVE

– Dette handlar om tryggleik. No er folk som bur og driv næring i området tryggare enn før, seier Brigt Samdal, direktør for skred- og vassdragsavdelinga i Norges vassdrags- og energidirektorat.

Har vore utsett for skred
Skjelbostad i Innfjorden har fleire gonger vorte ramma av skred. Den største kjende hendinga skjedde i 1991, då eit skred knuste ein fjøs, ein garasje og eit naust. I tillegg blei eit bustadhus fjerna frå grunnmuren og fekk omfattande skadar.  Ingen menneske blei skadd.

NVE kartla området i 2016 og identifiserte fleire faresoner. Det la grunnlaget for sikringstiltaka som no er gjennomførte.


Store skader under skredet i 1991. Foto: Wiggo Kanck/Norsk vegmuseum, Statens vegvesen

Langvarig arbeid gir auka tryggleik
Arbeidet med å sikre området starta hausten 2024 og vart ferdigstilt våren 2026. Det er blant anna bygd ein stor skredvoll og eit massebasseng som kan ta imot skredmateriale ved ei hending.

Prosjektet har i hovudsak gått som planlagt og er gjennomført innanfor ei budsjettramme på om lag 24 millionar kroner.

Gjennom prosjektet er fleire bustadar og verksemder no betre verna mot skred.

– Godt samarbeid har vore avgjerande for å lukkast. Både kommunen, entreprenørar og lokalsamfunnet har bidratt til eit godt resultat, seier Samdal.


Den nye skredvollen er 250 meter lang og 7 meter høg. Foto: Busengdal


Den nye skredvollen i Skjelbostad beskyttar boliger og næringsområde. Foto: Busengdal


Viktig førebygging
NVE peikar på at sikring og førebygging er ein viktig del av arbeidet med å redusere skadar frå naturfare.

– Det er langt betre å førebygge enn å rydde opp etter skader. Samtidig veit vi at behovet er stort. Det er anslått at det vil koste rundt 85 milliardar kroner å sikre all utsett bebyggelse i Norge, seier Samdal.

Han understreka at klimaendringer vil gjere behovet for både kartlegging og sikring enda større i årene som kommer.

Skaper tryggleik og forutsigbarhet
Ordføraren i kommunen er svært fornøgd med at tiltaka no er på plass.

– Dette betyr mye for lokalsamfunnet. Sikringstiltaka gir tryggleik i kvardagen og forutsigbarhet videre utvikling i område, seier ordførar Yvonne Wold i Rauma kommune.

Tysdag 2. juni blei sikringsanlegget formelt overlevert frå NVE til kommunen. Kommunen får ansvar for drift og vedlikehald av anlegget.


Ordfører i Rauma kommune Yvonne Wold og direktør for skred- og vassdragsavdelinga i NVE Brigt Samdal

Om tiltaka
Det er gjennomført fleire tiltak for å sikre område:

  • Det er bygd ein skredvoll på rundt 250 meter, med ei høgde på opptil 7 meter
  • Det er etablert ein mindre voll og eit massebasseng for å handtere massar ved skred
  • Rundt 1500 lastebillass med stein er brukt i anlegget
  • Mesteparten av vollen er bygd med lokale massar, noko som reduserer klimagassutslepp
  • Arbeidet ble midlertidig stansa to gonger undervegs grunna skredfare
  • Det er lagt vekt på å ivareta landbruket gjennom erstatningsareal og god arealutnytting
  • Skred AS har vore ansvarleg for prosjekteringa i samarbeid med Era Geo og Grindaker Landskapsarkitekter 
  • Busengdal AS har vore entreprenør


Det har pågått eit omfattande anleggsarbeid i Skjelbostad. Foto: Skred AS


Det har pågått eit omfattande anleggsarbeid i Skjelbostad. Foto: Skred AS

Pressehenvendelser
E-post: pressevakt@nve.no
Tlf: 48 99 76 67