Publisert 26.11.2026

NVE greiar ut flaumsikring av Lærdalsøyri

Arbeidet med å sikre Lærdalsøyri mot flaum held fram. Neste steg er ei konseptvalutgreiing i tråd med krava som gjeld for store statlege investeringsprosjekt. Utgreiinga skal gi eit godt grunnlag for å avgjere om, og eventuelt korleis, eksisterande busetnad bør sikrast mot flaum. 

Lærdalsøyri. Foto: Multiconsult

Prosjektet kan krevje store investeringar 
NVE arbeider med stadig fleire store og komplekse sikringsprosjekt, mellom anna i sentrumsområde. Vi har derfor den siste tida arbeidd med å tilpasse prosessane våre til slike prosjekt. 

Arbeidet som allereie er gjort med flaumsikring i Lærdal, viser at prosjektet kan innebere store investeringar og potensielt krevje finansiering utover dei ordinære budsjettrammene til NVE. Det vidare arbeidet må difor følgje krav til utgreiing og dokumentasjon frå utgreiingsinstruksen og statens prosjektmodell. Ei konseptvalutgreiing skal bidra til at ulike alternativ blir vurderte på ein systematisk måte før det blir teke stilling til kva løysing ein eventuelt skal gå vidare med. 

Byggjer vidare på tidlegare arbeid 
Det er allereie gjennomført ein moglegheitsstudie for flaumsikring av Lærdal. Studien inneheld fleire aktuelle sikringstiltak og vurderingar som gir eit godt grunnlag for det vidare arbeidet. 

NVE skal no byggje vidare på dette og samanstille og supplere kunnskapsgrunnlaget slik at dei statlege krava til utgreiing blir oppfylte. Det skal gi eit godt avgjerdsgrunnlag og redusere risikoen for forseinkingar fordi det blir behov for nye utgreiingar seinare i prosessen. 

Vi planlegge å komme med meir informasjon til kommunestyret i Lærdal i løpet av våren 2027.  

Kontakt
Jostein Mårdalen, regionsjef
Telefon: 98 28 39 10
E-post: josma@nve.no