Litt større auke i magasinfyllingen. Ved utgangen av veke 30 var fyllingsgrada i norske magasin 73,8 prosent.

Fyllingsgrada auka med 1,1 proseneiningar.

Medianverdien for fyllingsgrada på tilsvarande tidspunkt for åra 1999-2018 er 76,8 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Vest-Noreg (Elspotområde 5) med 70,4 prosent, medan Midt-Noreg (Elspotområde 3) hadde høgast fylling med 82,1 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 30, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.