Kraftsituasjonen veke 8, 2026
Mindre kraftproduksjon og lågare kraftprisar
Redusert vasskraftproduksjon i Noreg
I veke 8 var det ein betydeleg nedgang i norsk vasskraftproduksjon frå veka før. Nedgangen var størst frå vasskraft med magasin i Sørvest-Noreg (NO2). Med lite snø og låg fyllingsgrad i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) verdset vasskraftprodusentane vatnet høgt, og kan spare vatnet for å produsere seinare. Med lågare kraftproduksjon vil større delar av det norske kraftforbruket verte dekt av import. Mellom anna har mellomlandsforbindinga til Storbritannia verte brukt til import i store delar av tida dei siste to vekene.
Lågare kraftprisar
Sist veke gjekk dei gjennomsnittlege kraftprisane ned i heile Nord-Europa. Høg vindkraftproduksjon på kontinentet bidrog til vekeprisar under 100 øre/kWh i Storbritannia og Tyskland. For veka sett under eitt, låg prisane i sørlege Noreg høgare i snitt enn prisane lenger sør i Europa. Fortsett høgt forbruk i Noreg og flaskehalsar mot kontinentet bidrog til dette. Periodar med mykje vindkraft i Nord-Sverige (SE1 og SE2) medverka til at kraftprisane i Nord-Noreg (NO4) enda på eit lågare nivå enn i resten av Noreg.
Gjennomsnittlege kraftprisar for veke 8:
- Søraust-Noreg (NO1): 118 øre/kWh
- Sørvest-Noreg (NO2): 105 øre/kWh
- Midt-Noreg (NO3): 104 øre/kWh
- Nord-Noreg (NO4): 77 øre/kWh
- Vest-Noreg (NO5): 116 øre/kWh
Merknad
Det manglar nokre data for dansk vindkraftproduksjon frå veke 3 og fram til rapporten for denne veka. Dette påverkar figurar og tabellar i rapporten.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 8 2026
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.