Kulde ga høge kraftprisar

Eit stabilt høgtrykk har festa seg over Norden. Dette bringer med seg kaldare vêr, som har auka forbruket i heile Norden. Dette vêret medverka i førre veke til den lågaste vindkraftproduksjonen på over eit år. Høgt forbruk og låg vindkraftproduksjon løfta kraftprisane til godt over 40 øre/kWh i heile Norden.

Ein kaldare vinter har medverka til høgare kraftprisar samanlikna med i fjor. Dette gjer at straumrekninga til ei vanleg norsk hushaldning so langt i år er om lag 3 – 400 kroner høgare enn i fjor.