Publisert 20.02.2019 , sist oppdatert 21.02.2019

Kraftsituasjonen veke 7 2019

Lågare kraftetterspurnad. 

Mildt vêr og fallande brenselsprisar har trekt ned prisnivået i den nordiske kraftmarknaden dei siste vekene. Norske kraftprisar ende på 43-44 øre/kWh i veke 7, noko som tilsvarar ein nedgang på 10 prosent samanlikna med veka før.

Noreg var nettoimportør av kraft for andre veke på rad. Lågare kraftetterspurnad og høg vindkraftproduksjon i Sverige gjorde at det var mindre behov for norsk kraft. I tillegg var det redusert handelskapasitet på forbindelsane til både Danmark og Nederland, noko som til saman bidrog til at norsk produksjon gjekk ned med 360 GWh samanlikna med veka før.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 7 2019 her. (PDF)

Kontaktpersoner

Seksjonsleder Vegard Willumsen, tlf. 92251702 

Seniorrådgiver Henriette Birkelund, tlf.  98074590