Publisert 22.02.2017

Kraftsituasjonen veke 7 2017

Mildvêret gav lågare kraftprisa.

I førre veke vart det ein oppgang i temperaturane. Det medverka til lågare etterspurnad etter kraft, som vidare førte til lågare kraftprisar i heile Norden. Kraftproduksjonen gjekk ned i takt med forbruket, men det vart likevel ein oppgang i den nordiske nettoeksporten.

Eksporten auka mot Nederland, Tyskland og Estland ut frå Norden. Ein årsak til auken i eksport var at systemvern vart retta opp, som gjorde det mogleg å gje full kapasitet på Norned-kabelen.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 7 her (PDF)

Kontaktperson

Rådgjevar Martin Andreas Vik, tlf: 22 95 93 31