Kraftsituasjonen veke 6, 2020 - NVE

Auka nettoeksport og reduserte kraftprisar

Kraftproduksjonen i Noreg var i førre veke 6 % høgare enn veka før. Samstundes vaks ikkje forbruket like mykje, og difor vart meir kraft eksportert.

Kraftprisane sank ytterlegare førre veke og låg gjennomsnittleg på 16 øre/kWh i alle prisområdar i Noreg. På søndagen hadde både Midt- og Nord-Noreg ein time med prisar under 5 øre/kWh, hovudsakelig grunna mykje vindkraftproduksjon på kontinentet og i Sverige.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 6 her.