Ytlegare prisnedgang på straum. Spotprisen for veke 6 gjekk ned med 3 – 4 øre/kWh samanlikna med førre veka. Bakgrunnen for prisnedgangen var varmare vêr i Noreg som resulterte i eit lågare straumforbruk.

Det var også mykje vindkraftproduksjon i Danmark, Sverige og Tyskland som auka tilbodet av rimeleg straum i marknaden og trakk ned den norske prisen. Trass i nedgangen er straumprisen 13 – 14 øre/kWh høgare for veke 6 i 2019 samanlikna med veke 6 i 2018.

Noreg var nettoimportør av straum i veke seks grunna lågare kraftprisar i Europa enn i Noreg.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 6 2019 her. (PDF)