Kraftsituasjonen veke 51 og 52, 2025
Vêromslag og høgare kraftprisar
Frå varmt til kaldt vêr og høgare kraftprisar
I veke 51 var det mildare vêr enn det som er normalt for årstida i Noreg. Dette bidrog til ein reduksjon i forbruket frå veka før. I veke 52 fekk sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) eit vêromslag og det vart kaldare. Sjølv om forbruket vanlegvis går noko ned i juleveka grunna ferieavvikling, vart dette i år motverka av høgare forbruk grunna kaldare vêr. Høgare forbruk bidrog til auka kraftprisar i store delar av Noreg. Unntaket var Nord-Noreg (NO4), som framleis hadde mildt vêr, og difor ikkje same auke i forbruk eller kraftprisar.
Gjennomsnittlege kraftprisar for veke 51 og 52:
- Søraust-Noreg (NO1): 73 øre/kWh (veke 51) og 81 øre/kWh (veke 52)
- Sørvest-Noreg (NO2): 76 øre/kWh (veke 51) og 82 øre/kWh (veke 52)
- Midt-Noreg (NO3): 44 øre/kWh (veke 51) og 52 øre/kWh (veke 52)
- Nord-Noreg (NO4): 23 øre/kWh (veke 51) og 15 øre/kWh (veke 52)
- Vest-Noreg (NO5): 69 øre/kWh (veke 51) og 79 øre/kWh (veke 52)
Nedgang i magasinfyllinga i sørlege Noreg for veke 51 og 52 sett under eitt
Til liks med veke 50 medverka mildt vêr og nedbør i veke 51 til mykje tilsig for årstida i Sørvest-Noreg (NO2). Dette bidrog til ein oppgang i magasinfyllinga for sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) samla. I veke 52 vart tilsiget lågare og på gjennomsnittet for årstida. Ser vi begge vekene under eitt, vart magasinfylling redusert med 1,6 prosentpoeng i sørlege Noreg. Ein mild desember har bidrege til godt med tilsig i sørlege Noreg. Meir tilsig betyr også mindre nedbør som snø, og lågare snømagasin enn normalt ved utgangen av 2025.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 51 og 52 2025
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.
Kraftpriser og kraftsystemdata
NVE lanserer no den første versjonen av «Kraftpriser og kraftsystemdata». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.