Kraftsituasjonen veke 50, 2025
Auka vindkraftproduksjon og lågare kraftprisar
Lågare kraftprisar i Norden
Førre veke gjekk kraftprisane ned i heile Norden, bortsett frå i Finland. Høg vindkraftproduksjon gjennom størstedelen av veka og lågare kraftprisar på kontinentet medverka truleg til nedgangen. Førre veke var det også relativt mykje tilsig for årstida i Sørvest-Noreg (NO2). Dette bidrog til ein oppgang i magasinfyllinga for sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) samla.
Gjennomsnittlege kraftprisar for veke 50:
- Søraust-Noreg (NO1): 77 øre/kWh
- Sørvest-Noreg (NO2): 77 øre/kWh
- Midt-Noreg (NO3): 61 øre/kWh
- Nord-Noreg (NO4): 38 øre/kWh
- Vest-Noreg (NO5): 74 øre/kWh
Uendra forbruk og produksjon
Kraftforbruket i Norden var tilnærma uendra frå veka før. I Noreg bidrog varmare vêr til at forbruket i hushald og tenesteyting minka i nesten heile landet, men auka forbruk i enkelte næringar sørga for at samla forbruk heldt seg stabilt. Nordisk kraftproduksjon heldt seg også på nivå med veka før. I Noreg og Finland gjekk kraftproduksjonen noko ned, medan han auka i Sverige og Danmark som følgje av meir vindkraft.
Høgare prisar i periodar med mindre vind
Sjølv om vindkraftproduksjonen var høgare enn veka før, varierte han mykje gjennom veka. I periodar med låg vindkraftproduksjon tysdag hadde alle dei norske områda prisar på nivå med kontinentet på dagtid. Torsdag ettermiddag var det få avgrensingar på kraftflyt i nettet, slik at kraftprisane var tilnærma like i heile Norden. I same periode var det høg produksjon frå vindkraft i dei sørlege prisområda og låg produksjon i nord.
Merknad: Grunna juleferie går kraftsituasjonsrapporten ut dei to neste vekene. Neste rapport blir publisert onsdag 7. januar 2026. Magasinstatistikken blir publisert som vanleg onsdagane 24. og 31. desember 2025.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 50 2025
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.
Kraftpriser og kraftsystemdata
NVE lanserer no den første versjonen av «Kraftpriser og kraftsystemdata». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.