Låge temperaturar gav høgare prisar

Det blei satt ny rekord i produksjon for straum i Noreg i førre veke. Mellom kl. 0800 og 0900 fredag morgon blei det produsert 27 514 MWh.

Prisane gjekk opp i alle nordiske prisområde i veke 50. Medverkande årsakar til oppgangen var høgare forbruk grunna kulde, låg vindkraftproduksjon, samt høgare CO2- og brenselprisar.

Trass i prisauken i Norden er det fortsatt høgare prisar i Europa. I førre veke resulterte det i ein auke av norsk vasskraftproduksjon og netto eksport ut av Noreg og Norden.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 50 her. (PDF)