Kaldare vêr og mindre vind auka dei nordiske prisane.

Kaldare vêr bidrog til høgare forbruk i store delar av Norden i førre veke. I tillegg gjekk den nordiske vindkraftproduksjonen kraftig ned, særleg i Danmark.
Dette medverka til ein prisoppgang i dei fleste nordiske elspotområda frå veke 49 til veke 50.

Terminprisene i Tyskland auka med over ti prosent, noko som kan ha samanheng med at prisane på kull og CO2-kvotar har gått opp dei siste vekene.
Tyske framtidsprisar for 1. kvartal ligg no godt over nivået i Norden.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 50 her (PDF)