Kaldare vêr og likare prisar i Norden.

Kaldt vêr i slutten av veka bidrog til høgare forbruk i Norden i førre veke. I morgontimane på fredag var kraftforbruket i Noreg på omtrent 22 500 MW, noko som framleis er 2000 MW under rekordforbruket frå januar 2016. Kraftproduksjonen frå vindkraft og kjernekraft gjekk noko opp, og bidrog til å kompensere for auken i kraftetterspurnaden.

Medan kraftprisane i Finland gjekk ned sist veke samanlikna med veka før, gjekk dei opp i Danmark. Dette heng saman med ein nedgang i dei baltiske prisane, og ein oppgang i Tyskland. I Noreg var prisane i veke 5 omtrent uendra frå veka før.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 5 2018 her. (PDF)