Publisert 08.02.2017

Kraftsituasjonen veke 5 2017

Høgare kraftprisar i Norden.

Tørt vêr og mindre vind bidrog til ein oppgang i det nordiske prisnivået sist veke. Den svenske vindkraftproduksjonen gjekk ned med 200 GWh, og vart dermed halvert samanlikna med veka før.

I Danmark gjekk vindkraftproduksjon opp, noko som saman med høgare norsk vasskraftproduksjon bidrog til at kraftbalansen i Norden var uendra frå veke 4 til veke 5. Samstundes bidrog tørre varslar for inneverande veke til ein prisoppgang i terminmarknaden. 

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 5 her (PDF)

 

Kontaktperson

Rådgjevar Henriette Birkelund, tlf: 22 95 92 78