Publisert 10.12.2025

Kraftsituasjonen veke 49, 2025

Mildare vêr og mindre prisskilnadar i Noreg

Auka kraftproduksjon og nettoeksport frå Noreg
I førre veke auka kraftproduksjonen i Noreg som einaste land i Norden. Det var høgare vindkraftproduksjon og produksjon frå vasskraftverk med magasin. I dei andre nordiske landa var vindkraftproduksjonen monaleg lågare samanlikna med veka før. Høgare kraftproduksjon i Noreg bidrog til auka nettoeksport både frå Noreg og Norden samla.

Lågare forbruk og kraftprisar i store delar av Norden
Mildvêr gav lågare forbruk i heile Norden. Dette bidrog til reduserte kraftprisar i sørlege delar av Norden, trass lågare kraftproduksjon i fleire av desse områda. I nordlege delar av Norden (NO3, NO4, SE1, SE2 og FI) gjekk kraftprisane opp, noko som medverka til mindre prisskilnadar mellom nord og sør.

Gjennomsnittlege kraftprisar for veke 49:

  • Søraust-Noreg (NO1): 90 øre/kWh
  • Sørvest-Noreg (NO2): 91 øre/kWh
  • Midt-Noreg (NO3): 74 øre/kWh
  • Nord-Noreg (NO4): 50 øre/kWh
  • Vest-Noreg (NO5): 89 øre/kWh

Periodar med høgare prisar i Nord- og Midt-Noreg enn i resten av landet
Det var nær ein dobling av vekeprisen i Nord-Noreg frå veka før, og ein monaleg auke i vekeprisen også i Midt-Noreg. Torsdag og fredag  var det timar der Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) hadde dei høgaste prisane i landet. Blant årsakene til prisauken var låg vindkraftproduksjon og redusert tilgjengeleg vasskraftkapasitet nord i Norden. Til dømes vart Svartisen vasskraftverk på 600 MW i starten av førre veke tatt ut for planlagt vedlikehald. I tillegg er det framleis noko redusert kapasitet i vasskraftproduksjonen i Nord-Sverige (SE1) og Finland i samband med islegging.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 49 2025

Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kraftpriser og kraftsystemdata
NVE lanserer no den første versjonen av «Kraftpriser og kraftsystemdata». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

Nedlasting av vasskraft- og vindkraftdatabasen frå API

Kontaktperson

Martha Johanne Pedersen

Epost: majp@nve.no