Publisert 11.12.2019

Kraftsituasjonen veke 49, 2019

Rekordhøg vindkraftproduksjon i Norden

Førre veke var det mykje vind i Norden, og vindkraftproduksjonen i veke 49 var den høgaste hittil i år for både Noreg, Sverige og Danmark. Til saman produserte dei tre landa 1,5 TWh vindkraft, ei dobling frå veke 48. Rekordhøg vindkraftproduksjon var blant årsakene til at Norden var nettoeksportør av kraft førre veke.

Kraftprisen vart redusert i store deler av Nord-Europa i veke 49 samanlikna med veka før, og i Noreg låg områdeprisane mellom 37 og 41 øre/kWh. I Tyskland og Danmark var prisane til tider negative i helga.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 49 2019 (PDF)

Kontaktpersonar

Førstekonsulent Silje Jelsness
Epost: sitj@nve.no

Seksjonssjef Åsmund Sunde Valseth
Epost: aasv@nve.no