Vêromslag gav lågare kraftprisar.

I veke 49 bidrog vêromslag til store endringar i kraftmarknaden. Høgare temperaturar gav et lågare kraftforbruk og mykje vind gav uvanleg høg vindkraftproduksjon. Det gjorde at kraftproduksjonen i Noreg gjekk ned med 15 prosent.

I tillegg snudde Noregs krafthandel med Danmark frå høg nettoeksport i veke 48, til høg nettoimport i førre veke.

Samla sett bidrog vêrskiftet til at kraftprisane gjekk ned med rundt 20 prosent Noreg, Sverige og Finland. I Danmark gjekk prisen ned med 30 prosent.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 49 her. (PDF)