Publisert 03.12.2025

Kraftsituasjonen veke 48, 2025

Lågare kraftprisar og auka prisskilnadar

I veke 48 gjekk magasinfyllinga i Noreg ned i alle prisområda. Me er i tida av året der magasinfyllinga normalt vert redusert. I denne perioden byrjar nedbøren å kome som snø, og tilsiget minkar. I tillegg bidreg kaldare vêr til høgare etterspurnad etter kraft. Då nyttar me lagra vatn i magasina til å oppretthalde kraftproduksjonen fram til snøsmeltinga byrjar på våren.

Lågare kraftprisar i store delar av Norden
Dei gjennomsnittlege vekeprisane i Norden vart reduserte førre veke, med unnatak av dei danske områda (DK1 og DK2). Reduksjonen var størst i dei nordlege delane av Norden (NO3, NO4, SE1, SE2 og FI). Høgare vindkraftproduksjon samanlikna med veka før var blant årsakene til nedgangen.

Prisane i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) låg på eit lågare nivå enn prisane i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) gjennom heile veka, og prisskilnadane mellom nord og sør i Noreg auka samanlikna med veka før.

Gjennomsnittlege kraftprisar for veke 48:

  • Søraust-Noreg (NO1): 116 øre/kWh
  • Sørvest-Noreg (NO2): 116 øre/kWh
  • Midt-Noreg (NO3): 53 øre/kWh
  • Nord-Noreg (NO4): 25 øre/kWh
  • Vest-Noreg (NO5): 111 øre/kWh

Periodar med høge prisar i sør
I starten av førre veke hadde Sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) periodar med høge prisar. Søraust- og Sørvest-Noreg (NO1 og NO2) fekk mellom anna prisar på over 350 øre/kWh tysdag ettermiddag. I same periode fekk Tyskland til samanlikning prisar på omtrent 440 øre/kWh. Dei høge prisane oppstod i ein periode då det var låg vindkraftproduksjon i Nord-Europa. Høg vasskraftproduksjon og flaskehalsar mellom Sørvest-Noreg (NO2) og Tyskland bidrog til at Sørvest-Noreg ikkje fekk like høge prisar som i Tyskland.

Frå midten av veka fekk Noreg varmare vêr og lågare forbruk. Samtidig auka vindkraftproduksjon i Norden og på kontinentet. Dette bidrog til at sørlege Noreg fekk lågare prisar, og det vart mindre prisvariasjonar time for time samanlikna med dei to siste vekene.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 48 2025

Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kraftpriser og kraftsystemdata
NVE lanserer no den første versjonen av «Kraftpriser og kraftsystemdata». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

Nedlasting av vasskraft- og vindkraftdatabasen frå API

Kontaktperson

Rikke Helene Bækken

Epost: riba@nve.no