Publisert 19.11.2025

Kraftsituasjonen veke 46, 2025

Kjøligare vêr og auka kraftprisar i Norden

Kjøligare vêr ga høgare forbruk
Kjøligare vêr bidrog til et høgare nordisk kraftforbruk enn veka før. Forbruksauken vart i hovudsak dekt av høgare vind- og vasskraftproduksjon. Vindkraftproduksjonen gjekk opp i alle dei nordiske landa, og i Noreg gjekk produksjonen av vasskraft opp i alle prisområda. Dette bidrog til ein monaleg oppgang i den norske kraftproduksjonen frå veka før.

Auka kraftprisar i Norden
Det auka kraftforbruket bidrog til at vekeprisane gjekk opp i store delar av Norden. Vekeprisen auka mest i Nord-Noreg (NO4), der ei periode med låg vindkraftproduksjon bidrog til høge kraftprisar i starten av veka. I Danmark og nord på kontinentet gjekk vekeprisane ned, som følgje av mellom anna meir vindkraftproduksjon enn veka før.

Gjennomsnittlege kraftprisar for veke 46:

  • Søraust-Noreg (NO1): 76 øre/kWh
  • Sørvest-Noreg (NO2): 79 øre/kWh
  • Midt-Noreg (NO3): 36 øre/kWh
  • Nord-Noreg (NO4): 21 øre/kWh
  • Vest-Noreg (NO5): 72 øre/kWh

Periodar med høg vindkraftproduksjon nord i Europa
Det var særleg mellom tysdag og torsdag at vindkraftproduksjonen var høg. Natt til torsdag var det mykje vindkraftproduksjon og lågt forbruk i store delar av Norden og i landa nord på kontinentet. Dette bidrog til at kraftprisane vart låge i fleire timar. I denne perioden vart norsk vasskraftproduksjon redusert, og det vart importert kraft til Noreg.

Merknad
Grunna manglar ved kraftforbruksdata for Noreg for perioden frå 2. november kl. 14.00 til 5. november kl. 18.00, er det brukt førebelse forbruksdata.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 46 2025

Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kraftpriser og kraftsystemdata
NVE lanserer no den første versjonen av «Kraftpriser og kraftsystemdata». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

Nedlasting av vasskraft- og vindkraftdatabasen frå API

Kontaktperson

Øystein Løvstad Lekve

Epost: olek@nve.no