Kaldt og tørt vêr i vente.

I førre veke bidrog regn og snøsmelting saman med nedgang i vasskraftproduksjonen til ein auke i magasinfyllinga.

Varsel om kaldt og tørt vêr medverka til at dei forventa kraftprisane auka kraftig. Den nordiske kraftprisen for desember vart til dømes handla 52 øre/kWh førre fredag, noko som er ein auke på 14 prosent samanlikna med veke 45.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 46 her. (PDF)