Kraftsituasjonen veke 45, 2025
Høg vindkraftproduksjon og lågare kraftprisar i starten av veka
Lågare kraftprisar nord i Noreg
Norske kraftprisar endra seg ulikt sist veke. I Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) gjekk kraftprisane ned, medan dei Søraust- og Vest-Noreg (NO1 og NO5) var på nivå med veka før. Høg vindkraftproduksjon i første halvdel av veka bidrog til prisnedgangen i dei nordlege prisområda. I Sørvest-Noreg (NO2) gjekk gjennomsnittsprisen noko opp. Ein medverkande årsak til dette var færre timar med svært låge prisar samanlikna med veka før.
Gjennomsnittlege kraftprisar for veke 45:
- Søraust-Noreg (NO1): 68 øre/kWh
- Sørvest-Noreg (NO2): 75 øre/kWh
- Midt-Noreg (NO3): 37 øre/kWh
- Nord-Noreg (NO4): 9 øre/kWh
- Vest-Noreg (NO5): 64 øre/kWh
Varmt vêr gav lågare forbruk i Noreg
I veke 45 hadde Noreg lågare kraftforbruk enn det som er typisk for årstida, særleg i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5). Varmare vêr i store delar av landet bidrog til at forbruket gjekk ned. I dei andre nordiske landa var forbruket på nivå med veka før.
Høgare produksjon frå vasskraftverk med magasin i siste halvdel av veka
Vindkraftproduksjonen var høg i store delar av Nord-Europa første halvdel av veka. I denne perioden var kraftprisane i, og nettoeksporten frå, Noreg jamt over lågare enn seinare i veka. Fredag til sundag var vindkraftproduksjonen låg i store delar Norden, Storbritannia og nord på kontinentet, og kraftprisane gjekk opp. I denne perioden var det ein auke i produksjon frå vasskraftverk med magasin i Noreg.
Merknadar
- Grunna manglar ved kraftforbruksdata for Noreg for perioden frå 2. november kl. 14.00 til 5. november kl. 18.00, er det brukt førebelse forbruksdata.
- For Sverige mangla kraftproduksjonsdata for 8. og 9. november, og difor er det også her nytta førebelse tal.
- Grunna manglar ved underlagstala til figuren er Figur 13 Import og eksport i dei norske prisområda førre veke ikkje inkludert i rapporten denne veka.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 45 2025
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.
Kraftpriser og kraftsystemdata
NVE lanserer no den første versjonen av «Kraftpriser og kraftsystemdata». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.