Publisert 13.11.2019

Kraftsituasjonen veke 45, 2019

Minusgrader gav høge kraftprisar i heile Norden

I veke 45 sank temperaturane i store deler av Noreg og dette bidrog til ein forbruksauke på 11 prosent samanlikna med veka før. Det var ein prisoppgang i alle dei nordiske landa og den nordiske systemprisen for veke 45 vart den høgaste sidan februar i år. Dei norske områdeprisane auka med om lag 14 prosent frå veka før.

 

Onsdag ettermiddag opplevde Noreg ein kraftig auke i straumprisen. På det høgaste vart den norske spotprisen 85,7 øre/kWh. Kaldt vêr og høgt straumforbruk, i tillegg til lite vind i Norden, var blant årsakene til den høge prisen.

 

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 45 2019 (PDF)

Kontaktpersoner

Førstekonsulent Silje Jelsness, e-post: sitj@nve.no

Seksjonssjef Åsmund Sunde Valseth, e-post: aasv@nve.no