Publisert 15.11.2017

Kraftsituasjonen veke 45 2017

Prisane gjekk opp grunna høgare forbruk og meir eksport ut av Norden.

Kaldare vêr bidrog til høgare forbruk i dei fleste områda i Norden unnateke Nord-Norge og Finland. Samstundes var det lite vind i både Sverige og Danmark i starten av veka. I Tyskland fall vindkraftproduksjonen til under fem prosent av installert effekt, noko som bidrog til at den tyske kraftprisen auka til over 1 kr/kWh i ein enkelttime.
 
Meir etterspurnad etter nordisk kraft frå kontinentet medverka til at prisane i Norden auka frå veka før.  Nettoeksporten ut av Norden gjekk opp med 145 GWh frå veke 44 til veke 45.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 45 her. (PDF)

Kontaktperson

Overingeniør Jonas Skaare Amundsen,
tlf: 476 43 457