Kraftsituasjonen veke 44, 2025
Høgare kraftproduksjon i Noreg
Høgare kraftproduksjon og kraftprisar i Noreg
I Noreg auka kraftproduksjonen med 16 prosent frå veka før, og var tilbake på same nivå som for to veker sia. Det var hovudsakleg vasskraft med magasin som produserte meir enn veka før. Blant årsakene til produksjonsauken var lågare vindkraftproduksjon i Nord-Europa og høgare kraftprisar i naboland. Dette bidrog til auka nettoeksport frå Noreg, og høgare kraftprisar enn veka før. Gjennomsnittlege kraftprisar i veke 44:
- Søraust-Noreg (NO1): 67 øre/kWh
- Sørvest-Noreg (NO2): 71 øre/kWh
- Midt-Noreg (NO3): 42 øre/kWh
- Nord-Noreg (NO4): 10 øre/kWh
- Vest-Noreg (NO5): 64 øre/kWh
Høg produksjon og nettoeksport frå Nord-Noreg
Medan vindkraftproduksjonen auka i Nord-Noreg, gjekk han ned i Nord-Sverige (SE1 og SE2) og Finland førre veke. Nedgangen i vindkraftproduksjon bidrog til høgare prisar i desse områda. I tillegg vart vedlikehaldsarbeid i nettet internt i Nord-Noreg ferdig i slutten av veke 43. Dette gjorde det mogleg med meir flyt ut av Nord-Noreg i veke 44 enn veka før. Til saman bidrog dette til at Nord-Noreg hadde høgare produksjon både frå vindkraft og vasskraft. Magasinfyllinga i Nord-Noreg gjekk ned med 1,3 prosenteiningar frå veka før, men ho er framleis høg for årstida.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 44 2025
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.
Kraftpriser og kraftsystemdata
NVE lanserer no den første versjonen av «Kraftpriser og kraftsystemdata». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.