Publisert 29.10.2025

Kraftsituasjonen veke 43, 2025

Nettoimport til sørlege Noreg for fyrste gong i år

Lågare vasskraftproduksjon og nettoimport til sørlege Noreg

Førre veke var prega av mykje vindkraftproduksjon nord på kontinentet. I til dømes vart det produsert nesten 6 TWh frå vindkraft i Tyskland førre veke, noko som er særs høgt for årstida. Vindkraftproduksjonen nord på kontinentet og Storbritannia var høgast i helga. Mykje import frå nabolanda i denne perioden bidrog til at det vart produsert mindre vasskraft i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5), og bidrog til at sørlege Noreg hadde nettoimport over veka for fyrste gong i år. Den samla magasinfyllinga i desse områda var tilnærma uendra samanlikna med veka før.

Lågare kraftprisar i store deler av Nord-Europa

Høg vindkraftproduksjon ga prisnedgang i store deler av Nord-Europa førre veke. Gjennom helga vart det fleire timar med  nullprisar i mange av landa. Dette bidrog til at vekesprisen i sørlege Noreg fall frå veka før, trass i at prisen på kvardagane var på nær same nivå som veka før.

Prisauke i nordlege Norden

På måndag og torsdag var det lite vindkraftproduksjon nord i Norden (NO4, NO3, SE1, SE2). Dette bidrog til timar med høgare kraftprisar her, og til at vekesprisen i desse områda gjekk opp frå veka før. På det høgaste var timeprisen 74 øre/kWh i Nord-Noreg (NO4) på torsdag, og ein må tilbake til mai for å finne en time med høgare kraftpris i dette prisområde. Resten av veka var prisen i Nord-Noreg  stort sett under 10 øre/kWh. Gjennomsnittlege kraftprisar for veke 43:

  • Søraust-Noreg (NO1): 55 øre/kWh
  • Sørvest-Noreg (NO2): 56 øre/kWh 
  • Midt-Noreg (NO3): 40 øre/kWh 
  • Nord-Noreg (NO4): 7 øre/kWh 
  • Vest-Noreg (NO5): 55 øre/kWh 

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 43 2025

Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kraftpriser og kraftsystemdata
NVE lanserer no den første versjonen av «Kraftpriser og kraftsystemdata». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

Nedlasting av vasskraft- og vindkraftdatabasen frå API

Kontaktperson

Silje Jelsness

Epost: sitj@nve.no