Publisert 22.10.2025

Kraftsituasjonen veke 42, 2025

Auka kraftproduksjon og forbruk i Noreg

Førre veke gjekk magasinfyllinga i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) opp frå veka før. Høgt tilsig til vasskraftmagasina var blant årsakene til auken. I sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) gjekk magasinfyllinga noko ned frå førre veke. Lite tilsig og auka vasskraftproduksjon bidrog til nedgangen. 

Høgare kraftproduksjon og auka forbruk
Noreg hadde høgare kraftproduksjon i veke 42 enn i veka før. Auken var størst i Midt-Noreg (NO3) som hadde høg vass- og vindkraftproduksjon for andre veke på rad. Kaldare vêr bidrog til at også forbruket var høgare enn veka før. Produksjonen auka midlertidig meir enn forbruket og Noreg hadde ein auke i nettoeksporten  av kraft samanlikna med veka før. Den høge produksjonen i Midt-Noreg (NO3) gav eit overskot av kraft og høgare kraftflyt mot Søraust- og Vest-Noreg (NO1, NO5) samt mot Sverige (SE2). Det var også oppgang i kraftflyten sørover frå Sørvest-Noreg (NO2), bortsett frå til Nederland, der mellomlandsforbindelsen var ute grunna en teknisk feil heile veka.

Høgare kraftprisar
Lågare vindkraftproduksjon i Nord-Europa og auka forbruk i Norden samanlikna med førre veke, bidrog til ein auke i kraftprisane i dei fleste nordiske prisområda. Gjennomsnittlege kraftprisar for veke 42:

  • Søraust-Noreg (NO1): 76 øre/kWh
  • Sørvest-Noreg (NO2): 88 øre/kWh 
  • Midt-Noreg (NO3): 28 øre/kWh 
  • Nord-Noreg (NO4): 3 øre/kWh 
  • Vest-Noreg (NO5): 63 øre/kWh 

På tysdag ettermiddag fekk Sørvest-Noreg (NO2) enkelttimar med gjennomsnittlege prisar på over 100 øre/kWh. Samanfall av låg vindkraftproduksjon og høgt forbruk bidrog til dette. På sitt høgaste var timeprisen på rundt 270 øre/kWh, som er den høgaste prisen området har hatt sidan april i år. Til samanlikning var den tyske og danske prisen på nesten 480 øre/kWh i same time. Flaskehalsar i nettet bidrog til at Sørvest-Noreg ikkje hadde like høge prisar som på kontinentet.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 42 2025

Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kraftpriser og kraftsystemdata
NVE lanserer no den første versjonen av «Kraftpriser og kraftsystemdata». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

Nedlasting av vasskraft- og vindkraftdatabasen frå API

Kontaktperson

Rikke Helene Bækken

Epost: riba@nve.no