Ein liten oppgang i produksjon og forbruk i Noreg

Det var ein mindre oppgang i straumproduksjon og forbruk i Noreg i førre veke. Spotprisen var uendra for Sør-Noreg, medan den steig med 1 – 2 øre/kWh i Nord-Noreg. Kraftprisane i Sør-Noreg var om lag 5 - 6 øre/kWh lågare enn Danmark og Sør-Sverige.

Grunna feil i kraftnettet er det for tida redusert utvekslingskapasitet mellom Sør-Noreg og Nederland (NorNed-kabelen) og mellom Sør-Norge og Danmark (Skagerak-kablane). Ved normal drift er overføringskapasiteten på desse forbindelsane 2350 MW, medan den var 660 MW i førre veke.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 42 2019 (PDF)