Priskollaps i Vest-Noreg.

Høgt tilsig til fulle magasin medverka til ei priskollaps i Vest-Noreg på måndag og tysdag i veke 42. Samstundes vart eksportkapasiteten ut frå Vest-Noreg (NO5) redusert. Kraftprisen i Vest-Noreg falt til 6 øre/kWh i starten av førre veke. Frå onsdag gjekk tilsiget ned, og prisen i Vest-Noreg vart igjen lik resten av Sør-Noreg.

Det høge tilsiget i Sør-Noreg grunna snøsmelting og regn i starten av veka bidrog til å auke norsk kraftproduksjon og fyllingsgraden i magasina. Det er no berre Nord-Noreg som har lågare fyllingsgrad enn median (2002-2017) i Noreg.

 

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 42 her. (PDF)