Kraftsituasjonen veke 41, 2025
Høg vindkraftproduksjon og auka magasinfylling i Noreg
Førre veke gjekk magasinfyllinga opp i alle prisområdane i Noreg. I sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) har auka delvis årsak i høgt tilsig til vasskraftmagasina etter mykje nedbør som kom i samband med stormen Amy. I Nord- og Midt-Noreg (NO4 og NO3) auka magasinfyllinga grunna høg nedbørsmengde i veke 41.
Auka kraftproduksjon i Norden og høgare eksport til kontinentet
Samla sett gjekk kraftproduksjonen opp i alle dei nordiske landa. Auka vasskraftproduksjon og høg vindkraftproduksjon særleg i siste halvdel av veka medverka til oppgangen. I timane med høg vindkraftproduksjon var prisane ned mot null sør i Noreg og Sverige, med unntak av Sørvest-Noreg (NO2). Auka produksjon, høgare prisar på kontinentet og tilnærma uendra forbruk i sørlege delar av Norden, bidrog til auka nettoeksport til kontinentet. Både Finland og Danmark som typisk er nettoimportørar, hadde nettoeksport i veke 41.
Auka kraftprisar
I veke 41 auka kraftprisane i store delar av nordlege Europa. Lågare vindkraftproduksjon på kontinentet medverka til høgare produksjon frå fossile energikjelda og høgare etterspurnad etter norsk kraft. Dette bidrog til auka prisar på kontinentet og i sørlege Noreg.
Gjennomsnittlege kraftprisar for veke 41:
- Søraust-Noreg (NO1): 51 øre/kWh
- Sørvest-Noreg (NO2): 78 øre/kWh
- Midt-Noreg (NO3): 18 øre/kWh
- Nord-Noreg (NO4): 3 øre/kWh
- Vest-Noreg (NO5): 54 øre/kWh
Høg kraftproduksjon i Midt-Noreg og høg flyt mot Sørvest-Noreg
I veke 41 auka kraftproduksjonen i Midt-Noreg kraftig samanlikna med veka før. Det var oppgang i både vasskraft- og vindkraftproduksjonen, og ikkje sidan veke 6 har det vore høgare produksjon frå vindkraft. Høg kraftproduksjon for årstida og meir kraftflyt mot Vest-Noreg medverka til at Midt-Noreg i veke 41 var nettoeksportør av kraft.
Merknadar:
- Grunna ein teknisk feil med Figur 14 Fysisk flyt mellom prisområda i Norden er den ikkje ein del av rapporten denne veka.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 41 2025
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.
Kraftpriser og kraftsystemdata
NVE lanserer no den første versjonen av «Kraftpriser og kraftsystemdata». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.