Publisert 17.10.2018

Kraftsituasjonen veke 41 2018

Høge temperaturar gav lågare kraftprisar.

I samband med lågare forbruk, mykje tilgjengeleg kraft og ein reduksjon i brenselsprisar, gjekk kraftprisen i Noreg kraftig ned førre veke.

Temperaturane auka markant i heile landet i veke 41. Store deler av snøen som hadde lagt seg i fjellet smelta og i samband med mykje nedbør, førte dette til høg vassføring og flaum i områda på begge sider av Langfjella.

Kraftproduksjonen i Noreg gjekk likevel ned samanlikna med veka før. Dette skjedde grunna lågare forbruk i heile Norden, og ei auke i vindkraftproduksjon i Sverige og Danmark.      

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 41 her. (PDF)

Kontaktperson

Overingeniør Ingrid Bjørshol Holm,
Tlf: 980 26 689
Epost: ibho@nve.no