Publisert 08.10.2025

Kraftsituasjonen veke 40, 2025

Høg vindkraftproduksjon gav låge kraftprisar i helga

Førre veke gjekk magasinfyllinga ned i Nord- og Midt-Noreg (NO3 og NO4), medan den var tilnærma uendra  i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5). I slutten av veka kom det ein del nedbør i samband med stormen Amy, men mykje fall i område med lite vasskraftproduksjon. Det vil også som regel ta noko tid før nedbøren renn ned i vasskraftmagasina som tilsig.

Ekstremvêret Amy bidrog til lågare prisar
I vekedagane var kraftprisane i sørlege-Noreg på same nivå som veka før. Ekstremvêret Amy, som traff Norden og Nord-Europa laurdag, førte med seg kraftig vind. Dette gav periodar med høg vindkraftproduksjon i Norden og på kontinentet, og bidrog til eit lågt prisnivå gjennom helga. Fleire timar på laurdagen og søndagen var prisene nær null i store delar av Nord-Europa. Sørvest-Noreg (NO2) hadde til dømes den lågaste døgnprisen på over to år på laurdag. Dei låge kraftprisane i slutten av veka er ei viktig årsak til nedgang i gjennomsnittleg vekepris.

Redusert vasskraftproduksjon og høg import i helga
I perioden med høg vindkraftproduksjon og låge kraftprisar i nabolanda vart vasskraftproduksjonen i sørlege Noreg redusert betydeleg og ein større del av forbruket vart dekt av import. Førebelse tal viser at på sundagen hadde sørlege Noreg den lågaste regulerbare vasskraftproduksjonen gjennom eit døgn hittil i år.

Gjennomsnittlege kraftprisar for veke 40:

  • Søraust-Noreg (NO1): 47 øre/kWh
  • Sørvest-Noreg (NO2): 58 øre/kWh
  • Midt-Noreg (NO3): 11 øre/kWh
  • Nord-Noreg (NO4): 5 øre/kWh
  • Vest-Noreg (NO5): 46 øre/kWh

Ny forbinding over Sognefjorden
Torsdag 2. oktober vart den nye forbindinga over Sognefjorden mellom Sogndal og Aurland satt i drift. Den gjer det mogleg med høgre flyt mellom Midt-Norge (NO2) og Vest-Noreg (NO5) i større delar av tida.

 Merknadar:

  • Onsdag 1. oktober vart det innført 15-minutts oppløysing day-ahead-marknaden i Norden og fleire andre europeiske land. Kraftsituasjonsrapporten og tilhøyrande figurar har framleis oppløysing på 60 minutt.
  • Grunna ein teknisk feil med Figur 14 Fysisk flyt mellom prisområda i Norden er den ikkje ein del av rapporten denne veka.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 40 2025

Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kraftpriser og kraftsystemdata
NVE lanserer no den første versjonen av «Kraftpriser og kraftsystemdata». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

Nedlasting av vasskraft- og vindkraftdatabasen frå API

Kontaktperson

Lasse Nygaard Kvasnes

Epost: lakv@nve.no