Kraftsituasjonen veke 4, 2026
Låg vindkraftproduksjon og auka kraftprisar
Auka kraftprisar
Dei gjennomsnittlege kraftprisane for veke 4 auka i store delar av Nord-Europa samanlikna med veka før. Blant dei norske prisområda var det Midt-Noreg (NO3) som hadde den høgaste vekeprisen på 136 øre/kWh. Dette hang saman med eit generelt høgt prisnivå i nordlege delar av Norden (SE1, SE2 og FI) gjennom heile veka. Nord-Noreg (NO4) hadde òg tidvis pris på nivå med naboområda, men fekk likevel den lågaste prisen i Nord-Europa sett veka under eitt.
Gjennomsnittlege kraftprisar for veke 4:
- Søraust-Noreg (NO1): 133 øre/kWh
- Sørvest-Noreg (NO2): 130 øre/kWh
- Midt-Noreg (NO3): 136 øre/kWh
- Nord-Noreg (NO4): 113 øre/kWh
- Vest-Noreg (NO5): 131 øre/kWh
Låg vindkraftproduksjon
I starten av veka var det låg vindkraftproduksjon i heile Norden og på kontinentet. Samstundes var forbruket på eit høgt nivå for årstida, mellom anna grunna kaldt vêr. Samla bidrog dette til at det var periodar med prisar på over 200 øre/kWh måndag og tysdag. Frå onsdagen og ut veka auka vindkraftproduksjon på kontinentet og i sørlege delar av Norden. Meir vindkraft bidrog til at prisane i desse områda ikkje vart like høge som på måndag og tysdag.
Nord i Norden (SE1, SE2 og FI) heldt den låge vindkraftproduksjonen fram resten av veka. Ei viktig årsak til dette var at områda hadde lite vind i perioden. I tillegg måtte fleire vindkraftverk redusere produksjonen grunna isdanning på vindturbinane. Samanlikna med historikk dei siste åra for same årstid, visar førebels tal at vindkraftproduksjon førre veke var særs låg for Nord-Sverige (SE1 og SE2) og Finland. I enkelte periodar av veka var det tilnærma ingen vindkraftproduksjon i Finland. Lågare vindkraftproduksjon og auka produksjon frå dyrare kraftverk bidrog til å halde prisane i nord på nivå med prisane i sør.
Merknad
Det manglar nokre data for dansk vindkraftproduksjon for store delar av veke 3 og veke 4. Dette påverkar figurar og tabellar i rapporten.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 4 2026
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.
Kraftpriser og kraftsystemdata
NVE lanserer no den første versjonen av «Kraftpriser og kraftsystemdata». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.