Auka kraftprisar grunna halvert vindkraftproduksjon.

Vindkraftproduksjonen i Norden vart halvert i veke 4, samanlikna med veka før. Det førte til at meir av det nordiske kraftforbruket måtte dekkjast av regulerbar kraft. Det bidrog til ein auke i dei nordiske kraftprisane og til høgare norsk kraftproduksjon.

Den norske nettoeksporten var 366 GWh, om lag like stort som fallet i vindkraftproduksjonen.

Kraftprisane i Sør-Noreg var på over 60 øre/kWh, noko som er på med nivå med resten av Norden og Nord-Europa. Snittprisen for kraft i Noreg for ei veke har ikkje vore høgare sidan februar 2010. I Midt- og Nord-Noreg var prisane på om lag 50 øre/kWh.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 4 2019 her. (PDF)