Kraftsituasjonen veke 39, 2025
Auka kraftproduksjon i Noreg
I sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) gjekk magasinfyllinga ned for fyrste gong på fire veker. Årsakene var lite tilsig og auka vasskraftproduksjon. I Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) auka magasinfyllinga grunna lågare regulerbar vasskraftproduksjon og noko auke i tilsiget. I eit vêrbasert kraftsystem som det norske er det normalt at ressurssituasjonen i vassmagasina varierer.
Auka kraftprisar
Lågare vindkraftproduksjon medverka til at kraftprisane i store delar av Norden og nord på kontinentet auka frå veka før. I sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) auka vekeprisane for fyrste gong på fire veker, medan vekeprisane i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) var tilnærma uendra. Kraftprisane i sørlege Noreg varierte mindre gjennom veka enn det som har vore tilfelle dei siste vekene, sett bort frå éin enkelttime med veldig låg pris i Søraust-Noreg (NO1) natt til tysdag.
Gjennomsnittlege kraftprisar for veke 39:
- Søraust-Noreg (NO1): 67 øre/kWh
- Sørvest-Noreg (NO2): 83 øre/kWh
- Midt-Noreg (NO3): 19 øre/kWh
- Nord-Noreg (NO4): 4 øre/kWh
- Vest-Noreg (NO5): 64 øre/kWh
Høgare vasskraftproduksjon og nettoeksport i sørlege Noreg
Førre veke auka kraftproduksjonen i Noreg monaleg samanlikna med nivået dei siste vekene. Auken var størst i sørlege Noreg, som hadde høgare regulerbar vasskraftproduksjon. Blant årsakene til auken var fleire veker med høgt tilsig, samt at det i førre veke var lågare vindkraftproduksjon og høgare kraftprisar i nabolanda våre samanlikna med veka før. Dette bidrog også til auka kraftflyt frå sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5), sjølv om kraftforbruket var noko høgare enn veka før. Nettoeksporten frå sørlege Noreg var denne veka på sitt høgaste nivå sidan førre vinter.
Auka vindkraftproduksjon nord i Norden
Medan vindkraftproduksjonen i veke 39 var redusert på kontinentet og sør i Norden, gjekk han opp nord i Norden. Dette bidrog til tilnærma uendra kraftprisar i Midt- og Nord-Noreg trass redusert regulerbar vasskraftproduksjon. Produksjonen frå vasskraft med magasin vart redusert i timane med høg vindkraftproduksjon og låge prisar. Den reduserte vasskraftproduksjonen bidrog til at det i veke 39 vart nettoimport til Midt- og Nord-Noreg.
Merknad: Det var mangelfull data for kraftforbruket i Danmark 24., 25. og 28. september. I timane der vi mangla forbruksdata har vi brukt prognosert forbruk frå SysPower.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 39 2025
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.
Kraftpriser og kraftsystemdata
NVE lanserer no den første versjonen av «Kraftpriser og kraftsystemdata». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.