Publisert 03.10.2018 , sist oppdatert 05.10.2018

Kraftsituasjonen veke 39 2018

Enda ei veke med rekordhøg vindkraftproduksjon i Norden.

Trass i høgare forbruk i heile Norden i førre veke, gjekk kraftprisane vidare ned i samtlege elspotområde. Mykje vind og nedbør i veke 39 bidrog til dette. Kraftproduksjonen frå vindkraft i Norden for veka totalt ble 1381 GWh, 43 GWh høgare enn rekorden som ble satt veka før. Dessutan var tilgjengelegheita på svensk kjernekraft høgare enn veka før, fordi fleire reaktorarar kom tilbake i drift etter årleg vedlikehald.

Magasinfyllinga i Norge steg ytterlegere med tre prosentpoeng, og ligg no rundt 10 prosentpoeng under medianen. Den hydrologiske balansen i Noreg har eit underskot på rundt 5 TWh, mot eit underskot på om lag 20 TWh for ein månad sidan.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 39 her. (PDF)

Kontaktperson

Overingeniør Jonas Skaare Amundsen,
Tlf: 22 95 94 42