Publisert 04.10.2017

Kraftsituasjonen veke 39 2017

Mykje vind gav lågare prisar.

I veke 39 vart vindkraftproduksjonen i Sverige og Danmark dobla samanlikna med veka før. Dette medverka til auka nettoeksport ut av Norden. Auka tilgang på ikkje-regulerbar kraft bidrog til å svekkje dei nordiske kraftprisane.

Kvoteprisen på CO2 har stege markant den siste månaden frå om lag 50 kr/tonn til 66 kr/tonn ved utgangen av førre veke. Utviklinga har samanheng med forventningar om ein strammare kvotemarknad framover.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 39 her. (PDF)

Kontaktperson

Overingeniør Jonas Skaare Amundsen,
tlf: 476 43 457