Publisert 24.09.2025

Kraftsituasjonen veke 38, 2025

Høg vindkraftproduksjon og lågare kraftprisar

Sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) har hatt høgt tilsig og aukande magasinfylling dei siste tre vekene. I Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) har tilsiget  i same periode vore noko lågare enn  normalt, men magasinfyllinga held seg på eit høgt nivå for årstida.

Lågare kraftprisar i Norden
Førre veke fall kraftprisane i heile Norden unnateke Nord-Noreg (NO4), der gjennomsnittleg pris var på nivå med veka før. Høg vindkraftproduksjon, særleg på kontinentet, medverka til at kraftprisane gjekk ned. Lågare kraftprisar i naboland og høgt tilsig i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) bidrog til at kraftprisane her fall for tredje veke på rad. Nord-Noreg har framleis den lågaste vekeprisen i Norden.

Gjennomsnittlege kraftprisar for veke 38:

  • Søraust-Noreg (NO1): 37 øre/kWh
  • Sørvest-Noreg (NO2): 47 øre/kWh
  • Midt-Noreg (NO3): 15 øre/kWh
  • Nord-Noreg (NO4): 6 øre/kWh
  • Vest-Noreg (NO5): 37 øre/kWh

Høg vindkraftproduksjon gav auka import til Noreg
Vindkraftproduksjonen var høg nord på kontinentet. For enkelte av landa her var den samla vindkraftproduksjonen for veke 38 på sitt høgaste sidan veke 2. Produksjonsauken bidrog til at Noreg fekk auka kraftimport. For sørlege Noreg vart nettoeksporten meir enn halvert, medan Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) fekk nettoimport.

Høgt tilsig bidrog til prisnedgang i sørlege Noreg
Dette er tredje veke på rad med høgt tilsig i sørlege Noreg. Sist veke auka produksjonen frå elvekraftverk, noko som bidrog til mindre prispåverknad frå naboland i timar med høge kraftprisar der. Samstundes var det ein nedgang i produksjonen frå vasskraftverk med magasin. Ein stor del av tilsiget var difor med på å auke magasinfyllinga i sørlege Noreg.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 38 2025

Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kraftpriser og kraftsystemdata
NVE lanserer no den første versjonen av «Kraftpriser og kraftsystemdata». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

Nedlasting av vasskraft- og vindkraftdatabasen frå API

Kontaktperson

Ole Kristian Ådnanes

Epost: okad@nve.no