Publisert 25.09.2019

Kraftsituasjonen veke 38 2019

God ressurssituasjon i Noreg ved inngangen av hausten

Kaldare vêr bidrog til høgare kraftetterspurnad i Norden sist veke. Forbuksauken vart i hovudsak dekka av høgare vasskraftproduksjon i Noreg og Sverige. Det var òg ein auke i finsk kraftproduksjon som følgje av at kjernekraftreaktoren Loviisa 2 var tilbake frå planlagd vedlikehald.

Ein nedbørsrik seinsommar har medverka til at den hydrologiske balansen i Noreg har styrka seg dei siste månadene. Ved utgangen av veke 38 låg den norske magasinfyllinga omtrent på median.

 

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 38 2019 (PDF)

Kontaktperson

Seniorrådgjevar Henriette Birkelund, tlf 22 95 92 78