Ny nordisk vindkraftrekord.

Stormen Knud gav ny nordisk vindkraftrekord i førre veke.  Aldri før har Norden produsert meir kraft basert på vind, verken gjennom veka eller i ein enkelttime.  Vindkraftproduksjonen sto for ein femtedel av samla nordisk produksjon i veke 38.

Nok ei nedbørsrik veke gav ei auke i magasinfylling på 4 prosentpoeng andre veke i rad. Dette bidrog til at Norden var nettoeksportør av kraft i veke 38.

Saman gav mykje regn og vind i veke 38 den lågaste nordiske vekeprisen sidan mai. Haustvêret senker kraftprisane i Norden, både på kort og lang sikt.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 38 her. (PDF)