Publisert 20.09.2017

Kraftsituasjonen veke 37 2017

Lågare norsk nettoeksport

Høgare vindkraftproduksjon i både Tyskland, Danmark og Sverige bidrog til å trekke ned det nordiske prisnivået sist veke. Samstundes var det ein oppgang i svensk kjernekraftproduksjon ettersom to av reaktorane ved Ringhals var tilbake frå vedlikehald i løpet av veka.

Produksjonsauken i Danmark og Sør-Sverige bidrog til at norsk nettoeksport gjekk ned med 100 GWh. Nedgangen vart dempa av økt eksport på NorNed-kabelen, som var tilbake i drift etter eit utfall i veke 36.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 37 her. (PDF)

Kontaktperson

Rådgjevar Henriette Birkelund, tlf 22 95 92 78