Publisert 10.09.2025 , sist oppdatert 11.09.2025

Kraftsituasjonen veke 36, 2025

Auka magasinfylling og lågare kraftprisar i sørlege Noreg

I førre veke gjekk magasinfyllinga opp i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) med 3,9 prosenteiningar. Særleg sterk var auken i Sørvest-Noreg (NO2) på 4,4 prosenteiningar. Hovudårsaka til oppgangen var mykje tilsig. I Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) gjekk magasinfyllinga noko ned. Hovudårsaka bak nedgangen var mindre tilsig enn normalt.

Lågare kraftprisar i store delar av Norden og på kontinentet
I veke 36 var vekeprisane lågare i store delar av Norden og på kontinentet, samanlikna med veka før. Vekeprisane vart reduserte i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5), medan dei var tilnærma uendra i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4).

 Gjennomsnittlege kraftprisar for veke 36:

  • Søraust-Noreg (NO1): 71 øre/kWh
  • Sørvest-Noreg (NO2): 76 øre/kWh
  • Midt-Noreg (NO3): 15 øre/kWh
  • Nord-Noreg (NO4): 5 øre/kWh
  • Vest-Noreg (NO5): 60 øre/kWh

Auka vindkraftproduksjon bidrog til lågare kraftprisar
Årsaka til dei reduserte kraftprisane var mellom anna auka vindkraftproduksjon i Norden og på kontinentet. På onsdag og torsdag bidrog høg vindkraftproduksjon til timar med låge prisar, noko som var ein viktig årsak til at gjennomsnittsprisane gjekk ned samanlikna med veka før.

I helga fekk Tyskland i periodar et stort overskott av kraft. Det var i timar med høg vind- og solkraftproduksjon i kombinasjon med lågare forbruk grunna helg. Det gav låge prisar og kraftimport til Noreg. På sundag fekk Noreg også kraftimport frå Storbritannia.  Kabelen mellom Noreg og Storbritannia kom attende på nett rett før helga, etter ein periode med vedlikehald.

Auka magasinfylling i sørlege Noreg
Mykje nedbør ga høgt tilsig i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) i veka som gjekk. Det gav auka produksjon frå elvekraft, medan det var liten endring i produksjonen frå vasskraftverk med magasin. Ein stor del av tilsiget gjekk dermed til å fylle opp vassmagasina, som fekk ei monaleg auke. I Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) gjekk magasinfyllinga noko ned for andre veke på rad. Hovudårsaka bak nedgangen var mindre tilsig enn normalt.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 36 2025

Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kraftpriser og kraftsystemdata
NVE lanserer no den første versjonen av «Kraftpriser og kraftsystemdata». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

Nedlasting av vasskraft- og vindkraftdatabasen frå API

Kontaktperson

Martha Johanne Pedersen

Epost: majp@nve.no