Publisert 11.09.2019

Kraftsituasjonen veke 36 2019

Norske kraftprisar blant dei lågaste i Norden

I førre veke auka straumforbruket i Noreg med åtte prosent samanlikna med veka før, det heng saman med temperaturnedgangen i førre veka. Straumproduksjon auka med fem prosent samanlikna med veka før.

Dei gjennomsnittlege områdeprisane i Noreg låg mellom 29,9 og 35,5 øre/kWh, som var blant dei lågaste i Norden. Dei norske områdeprisane gjekk ned mellom null og sju prosent samanlikna med veka før. Prisnedgangen kjem mellom anna av auka vindkraftproduksjon i Danmark, lågare brenselprisar på kontinentet og forbetra hydrologisk balanse i Noreg.

Lågare områdeprisar i Noreg samanlikna med nabolanda våre førte til at Noreg vart nettoeksportør av straum for 14 veke på rad. Så langt i år har eksporten av straum frå Noreg vore like stor som importen til Noreg.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 36 2019 (PDF)

 

Kontaktpersonar

Thomas Mo Willig, Avdelingsingeniør
Mobil: 93837311

Eirik Veirød, Fungerande seksjonssjef
Mobil: 91815997